Gå til meny

Sveriges Afghanistan-bløff

Sverige er som kjend eit nøytralt land. Men dette hindrar ikkje at landet deltek i okkupasjonen av Afghanistan.

Dei forklarar dette med at dei deltek i FNs militære innsats i landet, og at dei er invitert av den afghanske regjeringa. Men det er ingen FN-troppar i landet. Dette veit sjølvsagt den svenske regjeringa.

Svenske soldatar er underlagt amerikansk kommando, og dei ber NATO sine emblem på uniforma. Dette er sjølvsagt med på å syne FN sitt fråvær i konflikten.

I tillegg gøymer dei seg bak ein påstått invitasjon frå den afganske regjering. Men ein slik invitasjon finns ikkje, det har den svenske avisa Proletären avslørt i lag med Föreningen Afghanistansolidaritet.

Dei kontakta svensk UD for å sjå den skriftlege invitasjonen som forsvaret viser til.

Men svaret var. Vi kan ikkje finne ein slik invitasjon.

Men derimot er Sverige invitert av Storbritannia til å delta i krigen. Dette skjedde allereie i 2001, på eit tidspunkt der det ikkje var noko fungerande regjering i Afghanistan. Norge brukar omlag same argumentasjon for å delta i røvarkrigen i Afganistan, som Sverige.

Kanskje nokon burde kikke inn i det mørke skapet. Kven har invitert OSS til den imperialistiske festen?

Les også korleis svensk UD svarte Föreningen Afghanistansolidaritet her.

Tjen folket

13.08.2010