Vår moderorganisasjon

Organisasjoner i andre land

Under vil du finne en liste over en rekke revolusjonære organisasjoner og partier. Men selv om vi linker til disse, betyr det ikke at vi er enige med dem i alt.

Europa

  • MLPD «Tysklands marxist-leninistiske parti» er eit relativt stort tysk mlm-parti med klar forankring i arbeidarklassen. Dei har også ein ungdomsorganisasjon, REBELL.
  • IA.RKP «Initiativet for oppbyggjinga av eit revolusjonærkommunistisk parti» arbeider i Austerrike. Ungdomsorganisasjonen deira heiter RKJV, «Det revolusjonærkommunistiske ungdomsforbundet», som eigentleg har ei fyldigare heimeside enn vaksenorganisasjonen.
  • Rode Morgen «Raud morgon» er vener av oss i Nederland. Vevsidene er berre på nederlandsk, men kan ein engelsk og litt tysk, er det utruleg kor mykje nederlandsk ein forstår dersom ein berre prøver.
  • Organisation Communiste Marxiste Léniniste «Marxist-leninistisk kommunistisk organisasjon» held til i Frankrike og høver seg kan henda betre om ein vil pussa opp skulefransken litt.
  • CARC, eller «Komiteen for motstand og for kommunisme» er aktive i Italia.
  • PMLI «Italias marxist-leninistiske parti» held også til i Italia.
  • WPMRM Britain er ei maoistisk gruppe i Storbritannia.
  • Democracy and Class Struggle er bloggen til vener av oss som også held til i Storbritannia.
  • Crvena Akcija «Raud aksjon» er våre vener i Kroatia.
  • Partija Rada «Arbeidets parti» er marxist-leninistane i Serbia.
  • Rabotsjee dvizjenie «Arbeidarrørsla» held til i Ukraina og har vunne innpass i arbeidarklassen, særleg aust i landet.
  • Dvizjenie za sûprotiva ’23 septemvri «Motstandsrørsla ‘23. september’» kjempar aktivt i Bulgaria for attreisinga av ei kraftfull arbeidarrørsle i Bulgaria.
  • KOE «Hellas’ kommunistiske organisasjon» spelte ei sentral rolle i samband med opprøret i Hellas i årsskiftet 2008/09.
  • KKE-ML «Hellas’ kommunistiske parti – marxist-leninistane» er ei anna maoistgruppe i Hellas.
  • TKP/ML «Tyrkias kommunistiske parti/marxist-leninistisk» er eit av fleire revolusjonære parti som står på USAs og EUs terrorliste. Ei stor kjelde til inspirasjon for partiet, er Ibrahim Kaypakka, som vart torturert i hel i fengsel attende i 1973.
  • Bolşevik Partisi «Bolsjevikpartiet» er også forbode av tyrkiske styresmakter.
  • TKiP «Tyrkias kommunistiske arbeidarparti» er eit parti som driv aktiv kamp for revolusjon og sosialisme i Tyrkia.
  • MLKP «Marxist-leninistisk kommunistparti» driv undergrunnsverksemd i Tyrkia og Nord-Kurdistan. Hoxhaistar, men samarbeider gjerne med maoistar både nasjonalt og internasjonalt.

Nord-Amerika

  • Revolutionary Initiative er førebels ei partibyggjande gruppe i Canada som freistar tilpassa marxistisk-leninistisk-maoistisk tenkjing til lokale tilhøve.

Mellom- og Syd-Amerika

  • Nuveau Partie Communiste Haïtien «Haitis nye kommunistiske parti» er forbode av haitianske styresmakter, noko som gjer at dei må arbeida illegalt. Dei arbeider med å auka klassemedvitet på den fattige øya og mot den USAnske imperialismen som rir landet som ei historisk mare.
  • Partido Comunista Revolucionario de Argentina «Argentinas revolusjonære kommunistiske parti» arbeider i Argentina og er ganske sterke både i arbeidarklassen i dei fattige bydelane i storbyane og i studentmiljøet. Ungdomsforbundet deira, Juventud Comunista Revolucionaria, finn de her.
  • Partido Comunista Revolucionario del Uruguay «Uruguays revolusjonære kommunistiske parti» held til i det lille grannelandet på den andre sida av Plata-elva.

Asia

Internasjonale konferansar og liknande

  • ICMLPO «International Conference of Marxist-Leninist Parties and Organizations» er ei samanslutning av ml-parti som møtest kvart andre eller tredje år. Mange interessante dokument frå dei ulike medlemsorganisasjonane. AKP var med her fram til leiinga likviderte sitt eige parti i 2007. NB! ICMLPO må ikkje forvekslast med ein annan ICMLPO, som er hoxhaistinternasjonalen.
  • Conference of Communist and Workers’ Parties of the Balkans er eit slags ICMLPO i miniatyr for parti og organisasjonar som er aktive på Balkan.

Kamp mot antikommunisme

  • Bannedthought er ei side som tek føre seg kampen mot undertrykkjinga av progressive tankar og folk i fleire ulike land.

Andre internasjonale lenker som er interessante

  • Afghanistan.nu er ein svensk nettstad fullpakka med informasjon om Afghanistan drive av den røynde aktivisten Stefan Lindgren.
  • ATIF er konføderasjonen av tyrkiske arbeidarar i Europa.

Litteratur

Andre lenkjesamlingar

  • Tjen folket har en noe mer utfyllende lenkesamling.
  • Marxist.org Arkiv med utfyllende presentasjoner av Marxistiske forfattere, historiske oppsummeringer og alfabetisk oppslagsverk.
  • Leftist Parties of the World har lenker til sosialdemokratiske, trotskistiske og kommunistiske grupper og partier på alle kontinent.

RKU

| RKU |

02.12.2007

RKU: - Revolusjonær kommunistisk ungdom (RKU). Kommunistisk ungdom i Norge

Denne artikkelen er skrevet ut fra: http://kommunisme.no/start/print